Ledig seter i Leir-og Bøverdalen statsallmenning.
Lom fjellstyre har gjort vedtak om at setra til Lom prestegard har falle i det fri, og at denne kan utvisast til andre med bruksrett i Leir- og Bøverdalen statsallmenning.
Opplysningar om areal:
- Totalt inngjerda areal ca. 36 dekar
- Fulldyrka areal brukt til fôrproduksjon ca. 17 dekar
Husa som står der, er alle av eldre dato. Det er eit seterhus, fjøs, skåle/uthus og ein låve.
I seterforskriftene er det omtala kva som skal skje med husa, dersom ei seter som er fallen i det fri, vert utvist til ein annan eigedom. Da skal fjellstyret gjera vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa, om han ikkje innan ei viss tid fører dei over til den nye brukaren. Før fjellstyret gjer eit slikt vedtak, må dei innhente uttale frå regional kulturminnestyresmakt.
Søknadsfrist for å få utvist setra vert sett til den 1. mars 2019. Skjema for utfyllande opplysningar som må vedleggjast søknaden, kan du laste ned og skrive ut her: