Om setrer og beite i Lom
Fjellstyra administrerer bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenning slik fjellova og forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning bestemmer.
(FOR 1984-06-22 nr. 1302)
Foto: Odd Repp
Om forvalting av seter- og tilleggsjord
Fjellstyra er i seterforskrifta pålagde å føre jamnleg kontroll med om utviste setrer i statsallmenningane er i bruk. Slik kontroll skal skje minst kvart 10. år, og Statskog SF skal ha ein dokumentasjon på at dette er gjort for oppdatering av seterregisteret. Det er ikkje gjeve føringar for slik kontroll av tilleggsjord- og kulturbeite, men det har til no vore naturleg å samkjøre dette med gjennomgangen av setrer. For meir informasjon om fjellstyret sin praksis for forvalting av seter- og tilleggsjord, sjå sak 28/2023 - Praksis for forvalting av seter- og tilleggsjord.
Beite
Rett til beite i statsallmenningen har alle jordbrukseigedomar som ligg i bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Utøvinga av retten må skje i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk.
Det er skilnad på beiting knytt til seterdrift, og på lausfe-beiting. Seterbrukarane har ein eksklusiv rett til beitet i nærområda til seterbola. Beitebrukarar kan ikkje sleppa lausfe i eit seterområde dei ikkje har tilknyting til. Dette er i strid med den tradisjonelle bruken og den vanlege rettsoppfatninga. Slepping av lausfe skal skje i eige seter-område eller i hamnestrekningar som tradisjonelt har vore sett på, og nytta som lausfebeite for den grenda beitebrukaren soknar til. Dei typiske lausfebeita vil i praksis seie beite-strekningane som ligg innanfor og høgare enn seterområda.
Fjellstyret kan gje løyve til utvising av beiteareal, inngjerding, natthamning og gjetarbu. På statsallmenningane i Lom har dette hovudsakleg vore avgrensa til fellestiltak som samlekveer og felles gjetarbuer.
Det er i kommunen ikkje fastsett tidlegaste dato for når slepping av beitedyr kan skje, da dette vil variere ein del frå eitt år til eit anna. Slepping av sau medan snøfonnene ennå ligg i seterområda, skaper ofte problem ved at sauen passerer gjerda over fonnene og beiter på seterkveene og dyrkings-parsellane.
Hovudsanking av sau i snaufjellet skal vera seinast helga nærast 12. september. I skogområda inntil ei veke seinare. Storfe sankast i god tid før fare for frost og snø.
For meir informasjon om beite m.m. sjå informasjonshefte her.
Foto: Jørgen Kirsebom
I Lom er det forholdsvis aktiv setring der både beite og forproduksjon i fjellet er av stor betyding for landbruket. I allmenninga er det 113 registrerte setrar, derav nokre som enno er i tradisjonell drift med mjølkeproduksjon.
Det er fleire aktive setergrender ved Tesse, både Nordseter, Byrtnes og Nåvårseter. I Smådalen ligg Foss setrane heilt inst, Smådalssetrane midt i dalen og Smørlia i munningen av dalen. Setergrenda i Sålell er mest berre i bruk som utmarksbeite, og setrane er brukt som hytter.
Øvst i Bøverdalen ligg Netoseter der mange gardar i Skjåk har seter, og Prestsetrane. Her er enno døme på aktiv setring, og areala er i bruk til forproduksjon og beite. Det er også setre i bruk i Høydalen, (geit), ved Bøvertjønnen, på Mytingen og i Leirdalen. Og i Liafjellet ligg Grønsetra.
Det er to fellesdrifter av storfe, begge organisert som beitelag, ei i Veodalen og ei ved vestenden av Gjende.
Mykje av områda med seterdrift og beiting ligg innanfor almenninga.
Tamreindrift
Lom Fjellstyre leiger ut beite til Lom tamreinlag som har ei årleg vinterstamme på omlag 2300 dyr. Reinen kalvar i området Smådalen/ Veodalen og utover sommaren beiter flokken i området Veodalen og sør-vest mot Gjende fram til haustslaktinga på Grønhøa i september. Same områda blir nytta fram mot vinterslaktinga i Sålell i desember. Utpå vinteren blir reinen fløtt til Sognefjellet og Lomseggen området før det ved påsketider går austover att mot kalvingsområda.
Hamneleigekontrakta gjeld for heile Leir- og Bøverdalen statsallmenning med Smådalen, samt den delen av Vårdalen statsallmenning som ligg sør for Otta elv. Om sommaren, i tida 1.5.-30.9., kan det ikkje beitast nord for denne grensa: Rindbekken-Heranoshø-Smådalshø-Trollsteinhø-Gokkeroksla. Unnateke denne avgrensinga er Smådalen vest for nordre Grotåa, som er lov å nytte fram til 5.6., da dette er eit viktig kalvingsområde for reinen.