Elg og hjort

 Storukse felt i Leirlia 2016.

Storukse felt i Leirlia 2016.

Det er 5 jaktfelt i almenninga. Visdalen/Leirdalen, Ytterdalen, Bøverdalen/Høydalen Vårdalen/Smådalen og Vårdalen nord for Otta elv. Jakta blir utlyst i to års perioder,  neste utlysing er i 2020. Rullering av felta gjev ei fordeling der 60% av fellingsløyva er forbehalde innanbygdslag. Tildeling skjer etter trekning mellom lag som oppfyller kriteria. Frå 1. november blir eventuell resterande kvote av hjort lagt ut til salg som kortidsperiode for enkeltjegerar og små lag. Informasjon om eventuell kortidsjakt, søknad og tildelingsrutinar blir lagt ut på heimesida og facebooksida til fjellstyret i slutten av oktober.

20160400 Lokale bestemmelsar april 2016

Generelle bestemmelser vedrørendeelg- og hjortejakt i statsallmenning

20160620 Fjellstyresak 28-2016 Endring av jakttider og jaktmåtar

Bestanden har vore høg både for hjort og elg i Vis-, Leir- og Bøverdalen statsalmenning. Synes å vere aukande og i Smådalen. I 2016 vart det felt 13 elgar og 9 hjortar.

 

 

villrein

Lom Fjellstyre har omlag 5 løyver på rein i den delen av Vårdalen statsalmenning som ligg nord for Otta elv.

Fellesjaktavtale saman med Finndalen statsalmenning og andre grunneigerar gjer at ein kan jakta på heile villreinområdet som ligg innanfor Lom og Vågå kommune.

Søknadsfrist blir utlyst i lokalavis og på heimesida

Rådyr

Det er rådyrjakt i Vis-, Leir- og Bøverdalen statsalmenning.  Jakta er inndelt i 3 ukers bolkar der alle løyva blir utdelt i første periode. Dei dyra som ikkje blir felt, går vidare og det blir seld kort for neste periode. Jakta blir tildelt ved trekning, og dei som ikkje får jakt i fyrste periode får jakt i dei påfylgjande periodane dersom det er ledige løyver.  Første periode startar 1. oktober. Frå 10 oktober er det lov med bruk av laus hund. Vi sel nokre få kort som bukkejaktkort frå 10. august. Desse blir selde for 5 dagars periodar. Krav om ettersøkshund/avtale med godkjent ettersøksekvipasje.

Jakta kan søkjast via skjema nedanfor med søknadsfrist 20 juli.

Navn *
Navn
Kva jakt søkjer du? *
Velg eit av alternativa