Hytter

Lom Fjellstyre har 10 hytter. Ein del av desse er reservert for oppsynet, beitebrukarar og innanbygdsbuande heile eller delar av året. Oversikt over tillgjengelegheit, prisar m.m. går fram av tabellene nedanfor.

Nokre av hyttene er heilt eller delvis forbehalde innanbygdsbuande i Lom, og er ikkje tilgjengelege for andre. Innanbygdsbuande kan tinge desse hjå oss på fjellstyrekontoret via e-post lom@fjellstyrene.no, eller pr. telefon. Hyttene kan reserverast fortløpande etter “fyrste mann til mølla” prinsippet frå 1. januar kvart år. Ein kan melde seg før årskiftet, ved interesse frå fleire blir tildeling avgjort ved trekking.

Hyttene som er opna for utleige til alle, ligg tilgjengelege og skal bookast via inatur - www.inatur.no . Nytt år blir opna for booking rundt årskiftet.

Steinbuer

I tillegg til hyttene er det fire steinbuer som er restaurert og står opne til allment bruk; Nøgla inst i Leirdalen, Saubua og Bergnussbuene i Veodalen og steinbua i Veslådalen.