Statsallmenningene

                                          Foto: Åsmund Galde

                                          Foto: Åsmund Galde

Vel 76 % av Lom kommune er statsallmenning. Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som tilsaman har eit areal på ca. 1.2 mill. dekar. I tillegg til dette ligg 95 % av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå kommunar.

Ein liten del av allmenningarealet ligg nord for Otta elv og hovuddalføret og fråskild det andre, medan resten samanhangande ligg sør for Otta elv og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Statsallmenninga omfattar m.a. vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, eller ca. 600 dekar.

Mest heile allmenninga er høgfjellsterreng. Berre 2 % av arealet ligg under tregrensa. Terrenget og landskapet er vekslande. Frå vide dalar og avrunda landskapsformer i grenselandet mot Sjodalen i aust, går landskapet over til meire opprevne fjellformasjonar og trongare dalar mot Vest-Jotunheimen. Omlag halvparten av alle 2000meters-toppane i landet ligg i statsallmenninga, deriblant dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertind. Inne iblant desse toppane ligg ei mengde brear av varierande storleik, der Smørstabbreen med sine 15 km2 er den største.

Riksveg 55 over Sognefjellet går igjennom dei vestlege delane av allmenninga. Dette er den høgstliggjande fjellovergangen i landet med eit høgste punkt på 1435 m.o.h. Elles går det ei rekkje bomvegar inn i allmenninga. Dei fleste av desse endar opp ved turisthytter. Det går bomveg til Juvasshytta, Leirvassbu, Spiterstulen, Høydalsseter, Sålell og Veodalen. Vegen opp til Juvasshytta, som ligg på 1840 m.o.h., er det høgste ein kjem med bil her i landet. Andre tilkomstvegar til allmenninga er med rutebåten over Gjende til turisthyttene Memurubu og Gjendebu.

Les meir om statsallmenningane og forvaltning på  www.fjellstyra.no