om Småviltjakt

Statsallmenningene i Lom ligg for det meste i høgfjellet med mange høge fjell og tronge dalar, men også slake u-dalar og flyer.

Det er hovudsakleg lirype og fjellrype det blir jakta på i statsallmenningen. Rypebestanden har dei siste åra vore varierande, og tiltak som freding av område, avgrensing i sal av kort til utanbygds og «bag limit» har difor vore brukt for å avgrense uttaket. Det blir selt nokre kort for harejakt med hund og nokre jaktar orrfugl. Bestandane av desse artane er bra, til dels veldig bra med orrfugl i enkelte område. Vi sel og smårovviltkort for dei som ynskjer det. Begrensa kortsal for revejakt med hund til utanbygds.

Rypejakta startar 15. september. Fjellstyret har vedteke å selje eit avgrensa antal kort til utanbygdsbuande i perioden 15.-29.september. Det blir selt berre 5-dagars kort til utanbygdsbuande utan hund i den regulerte perioden, 50 kort pr periode i tre periodar. Deretter vil det vere muleg å kjøpe dagskort gjennom Inatur om ikkje anna blir bestemt. For utanbygdsbuande med hund blir det selt vekeskort frå 15.-28 september, 10 kort i kvar periode i felt A, 5 kort i kvar periode i felt B. Deretter blir det ikkje selt hundekort.

Innanbygdsbuande kan kjøpe jaktkort gjennom Inatur eller på Coop Lom eller Bøverdalen. Søknad for småviltjakt for utanbygdsbuande med hund eller utan hund skal sendast til Inatur innan 1.april. 

Meir om jaktreglar, jaktmåtar og jakttider finn du på inatur nedanfor.

SØKNAD

Søknad for småviltjakt for utanbygdsbuande med hund eller utan hund kan sendast inn på Inatur innan 1.april. Det blir normalt opna for søknad innan 1.mars same år.

 

Når søknadsfristen er ute, vil korta bli trekt, og det vil bli trekt ei venteliste. Alle jegerar som får tildelt kort, vil få melding umiddelbart etter trekking.

Dagskvotar eller innskrenking av jakttid

Med grunnlag i takseringar, observasjonar og inntrykk gjennom sommaren, kan det bli innført dagskvotar. Dette blir bestemt like før jakta kvart år. Informasjon om baglimit blir kunngjort på heimesida, facebook og inatur sidene til fjellstyret. Jegerane pliktar og holde seg oppdatert med gjeldane kvoter.

Innskrenking av jakttida kan bli vurdert gjennomført seinare i jaktsesongen. Dei som løyser sesongkort må vera budde på dette, og det vil ikkje bli refundert for delar av jaktkortet om ei slik avkorting av jakta skjer. Fjellstyret oppmodar jegerane til å spare enkeltfuglar og parfuglar under haustjakta.

Kart

Kartutsnitt over jaktfelt A og B kan lastast ned frå lenka under.