Elg- og hjortejakt på feltet Ytterdalen/Høydalen.

Jaktlaget som fekk tildelt dette jaktfeltet for to år i fjor, har sagt opp kontrakten for 2019. Dette feltet er derfor ledig å søkje på for alle, for hausten 2019. Det er sett ein førebels kvote på 3 elgar og 3 hjortar på feltet. Søknad og trekking blant søkjarane skjer digitalt på www.inatur.no (søk på elg- og hjortejakt i Lom). Meir opplysningar om søknad og jaktfeltet finn du også på den salssida.

Da dette feltet er ledig for alle, vert det ikkje lokal trekking av jakta. Dette vert gjort elektronisk av Inatur.

elgjakt 1.jpg
Magny Hilde