Vi treng sesongoppsyn for sommaren/hausten 2019

Lom fjellstyre søkjer etter sesongoppsyn for perioden juli-oktober 2019, og det er høve til å søkje på delar av denne perioden.

Lom fjellstyre forvaltar Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenningar i Lom kommune, eit areal på ca. 1,2 mill. dekar. Arealet omfattar ca. halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og delar av Breheimen nasjonalpark med tilligjande verneområde.

Arbeidsoppgåvene vert:

- naturoppsyn, skjøtsel og informasjonsarbeid i nasjonalparkane

- tilsyn og enkelt vedlikehald av eigne hytter

- oppsyn med jakt og fiske, fiskeskjøtsel

Dette vil bli tillagt vekt:

- relevant fagleg bakgrunn

- evne til å omgåast folk og språkferdigheiter

Vedkomande må ha førarkort og disponere bil.

Tilsetjing og løn etter avtale.

Nærare opplysningar på tlf. 91697613 eller 92893226.

Søknad skal sendast elektronisk til: lom@fjellstyrene.no . Søknadsfrist den 15. april.

IMG_2375.a76ef047d8d24c03823acdf41c4ee7c8.jpg
Magny Hilde