Ny fjellstyrehytte ved Krossbu

Arbeidet med oppføring av ny fjellstyrehytte ved Krossbu langs Sognefjellsvegen er i gang.  Planen er at den skal stå ferdig i løpet av hausten. Hytta erstattar den gamle gjetarhytta som fjellstyret har hatt i fellesskap med tamreinlaget her. Oppføringa av den nye er også i fellesskap med tamreinlaget. Det er gjeve tilsagn om kr.210.000 av spelemidlar frå Kulturdepartementet, og kr.100.000 av Grunneigarfondet til prosjektet.

Når hytta ikkje er i bruk av fjelloppsynet eller tamreinlaget sine folk, vil det vera høve til leige av den, i likskap med dei andre fjellstyrehyttene. Det blir fjellstyret som administrerer utleiga, og hytta vil bli lagt ut på www.inatur.no sine sider.

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Informasjonsvideo om fiske

Neste
Neste

Ledig seterkve i Høydalen