Ledig jaktfelt for hjortejakt ved Gjende
Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre som samarbeider om jaktfeltet ved Gjende, er samde om å opne for hjortejakt på feltet denne hausten. Elgen har ikkje etablert seg her att ennå, men det har vore observert hjort og mange sporteikn etter hjort i området i mange år. Vi meiner derfor at det er ei jaktbar stamme i området og set ei kvote på 2 dyr; ein vaksen bukk og eit ungdyr/kalv.
Jakttida vert sett til perioden 15.9. – 31.10. Det er rullering av storviltjakta på dette feltet mellom Vågå og Lom, og Lom står for tur til å ha jakta. Innanbygds jaktlag frå Lom vil såleis ha 1. prioritet ved tildelinga. Jaktlag som ikkje har jakt ein annan stad, vert prioritert framfor jaktlag som har jakt på eit anna jaktfelt. Tildelinga gjeld berre for dette året.
Dei generelle og lokale bestemmelsane for elg- og hjortejakt gjeld, med dette unntaket:
Jaktlaget må ha eigen godkjent ettersøksekvipasje på laget. Dette av omsyn til tilgjengelegheita til feltet.
Søknad med fullstendig liste over alle jaktdeltakarane skal sendast Lom fjellstyre som e-post til lom@fjellstyrene.no innan den 31.8.