Kortsalg på hjortejakt

Fjellstyret har ledig hjortejakt i Visdalen, Leir- og Bøverdal statsallmenning for salg til enkeltpersonar eller lag i 5 dagars perioder. Fyrste periode er laurdag 3.11- onsdag 7.11. Søknad om jakt kan sendast til lom@fjellstyrene.no innan fredag 2.11 kl 12:00. Jegerar som ikkje har hatt anna jakt i haust stiller fremst og må gje beskjed om dette i søknaden.

Pris er 600,- for hovudjeger/jaktleder og 300,- for tilleggsjeger. Ved felling er prisen kr 73,- per kilo og innbetalt kortpris kjem til fråtrekk. Vi sel to kort om gongen, og deler almenninga med fv55 som grense. Kvota/kortet blir hind eller bukk med intill 8 taggar.

Jakta blir tildelt ved trekking blant søkarane som har søkt innan fristen. Etter at alle som har søkt i fyrste runde har hatt jakt, vil korta bli seld som 1, 3 eller 5 dagarskort fortløpande til dei som melder interesse.

hjort.jpg
Åsmund Galde