Kortidsjakt november

Det kan bli tilgjengeleg kortidsjakt i november. Det kan bli ledig kort for både elg- og hjort. Jakta blir tildelt i 5-dagers periode etter trekking 1. november, med fyrste periode veke 45. Perioder blir tildelt fortløpande så lenge det er tilgjengelege dyr. Enkeltjegerar med inntil 3 tilleggsjegerar kan søke. Pris for jaktkort er 600,- for hovudjeger/jaktleder og 300,- for tilleggsjeger. For felte dyr betalast kr 102 pr. kg. Innbetalt kortpris kjem til fråtrekk ved eventuell felling.

Det kan bli tilgjengelege kort i Visdalen-, Leirdalen- og Bøverdalen statsallmenning, i Vårdalen-Smådalen og i Vårdalen statsallmenning nord for Otta elv.

Søknad registrerest på skjema nedanfor. Frist for å bli med i trekking til fyrste periode er 27. oktober klokka 09:00. Søknader motteke seinare blir prioritert etter innsendingstidspunkt. Søknad kan spesifiserast på art og statsallmenning.



Neste
Neste

Ettersyn av gjerder