Det blir med dette førehandsvarsla om at Lom fjellstyre skal behandle desse sakene i Vårdalen statsallmenning:
Søknader om tilleggsjord på Havyrju
Det har kome 3 søknader om å få utvist areal på Havyrju for nydyrking. Det er Ekle Nordre, gabnr. 9/1, Nørdre Runningje gabnr. 15/14 og Hammerdalen gabnr. 7/9 som har søkt.
Søknadane gjeld parsell 157/1/81 og 83. Parsellane var utvist som tilleggsjord på slutten av 70- talet, men vart ikkje teke i bruk. Fjellstyret vurderte spørsmålet i sak 26-5-8. Fjellstyret synfarte dei to areala før møtet. Det vart bemerka av fleire at ein større del av arealet såg myrlendt ut, og at det bør gjerast ei nærmare vurdering av om det etter nydyrkingsforskrifta kan opnast for dyrking av areala slik dei er arrondert.Det vart gjort vedtak om at det bør gjerast ei nærmare vurdering av om det kan opnast for dyrking av areala slik dei er arrondert, før ein går vidare med behandling av søknadane.
Landbrukssjefen har i brev 21. oktober gjeve ei førebels vurdering av arealet, og landbrukskontoret stiller i utgangspunktet positive til at dei aktuelle parsellane kan dyrkast opp. Endeleg godkjenning av dyrkingsparsellane må vurderast individuelt for kvar søkjar- og areal, i samsvar med gjeldande regelverk og etter at naudsynt høyring er gjennomført.
Endeleg behandling etter nydyrkingsforskrifta må skje etter at areala er fordelt frå fjellstyret.
Søknad om uttak av vatningsvatn frå Erløken
Bjørgen gabnr. 5/6 har søkt om å få nytte vatningsvatn frå Erløken til vatning av tilleggsjord med festenr. 103 og 124 på Havyrju. Det er planlagd å bruke traktorpumpe frå grova som renn forbi parsellane. Statskog har i e-post 23. oktober vurdert tiltaket som ei grunndisponering jf. §12 i fjellova, og ber om fjellstyret si uttale før Statskog tek avgjerd.
Eventuelle merknader til sakene kan sendast til lom@fjellstyrene.no innan 11. november.