Fiskedag på Dalsvatnet

Sundag 1. Juli blir det familiefiskedag på Dalsvatnet. Oppmøtestad gapahuken. Naturstig med premiering, fiske, sosialt samvær og servering av drikke. Grunna forbodet mot open varme lyt vi be dei vaksne om å ta med kaffe sjølv. Om vi får innvilga løyve kjem vi til å ha ståande ei bålpanne for grilling. Vel møtt!

Åsmund Galde