Offentleg ettersyn

 

Fjellstyret har i sak nr 30/2018 gjeve løyve til Birgit Bilstad og Jonas Galde om utvising av eit tilleggsareal til beite på 6-7 dekar inntil den eksisterande seterkvea til Nigard Galde på Mytingen. Saka med vedtaket vert lagt ut til offentleg ettersyn frå den 15.11.2018 med frist til å kome med merknader innan den 6.12.2018.

Sak 30/2018 i Lom Fjellstyre - Søknad om beiteareal på Mytingen

Søknad 24.08.18 frå Jonas Galde og Birgit Bilstad

Uttale frå jordbrukssjefen 29.10.18

Kart over omsøkt areal