Opne steinbuer

I Veodalen er det tre steinbuer som er restaurerte slik at dei er brukbare nattelosji.

Ved elva Bergenussa er det to buer, om lag 200 m frå vegen til Glitterheim, 2 km innanfor nasjonal-parkgrensa. Den tredje, Saubua, ligg innunder Saubuhaugen ved tråanlegget til tamreinlaget.

I Veslådalen, ca. ein times gange frå Gjendebu, ligg det ei steinbua på andre sida av elva enn turistråket går.

Øvst i Gravdalen, ca. 15 min. gange frå Leirvassbu, ligg det nok ei steinbu. Denne vart restaurert sommaren 2005. (Bildet.)

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Steinbua i Memuru