Takk til fjelloppsyn og dagleg leiar Odd Repp
Etter 34 år som oppsyn og dagleg leiar i Lom fjellstyre, har Odd vorte pensjonist. Fjellstyret, tilsette og nære kollegaer frå oppsyn og forvaltning takkar for eit svært godt samarbeid gjennom mange år. Odd er svært kunnskapsrik, lokalkjend og glad i fjellet. Han har vore ei kjelde til kunnskap og inspirasjion for mange, og ein viktig bidragsytar inn i det sterke fagmiljøet på Norsk fjellsenter.
Odd vart heidra med festmiddag på Nordal turistsenter, og mange vel fortjente gode ord, taler og gåver.