Stønad frå fjellkassa
Fjellstyret kan løyve midlar til ymse formål etter føresegnane som er gjeve i §11 fjellova: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.”
Siste åra har det vore budsjettert med kr. 100.000,- i året til føremål som nemd ovanfor.
Fjellstyret ynskjer i utgangspunktet å behandle søknader samla, men vil ved særkskilde høve kunne fråvike frå denne praksisen. Ordinær søknadsfrist er 1. juni.
Søknad skal innehalde:
-Kva søknaden gjeld
-Når tiltaket skal gjennomførast
-Oversikt over kostnader
-Finansieringsplan
For søknader om tilskot til tiltak- eller drift av vegar i allmenningane blir det stilt krav om at rekneskap for siste år skal følgje søknaden saman med saldoutskrift ved årsskiftet.
Søknad skal sendast til lom@fjellstyrene.no