Sjukdomsutbrot hjå hund
Som kjent frå media er det ei auka forekomst av alvorleg tarmbetennelse sjå hund i Oslo området. I samband med dette har vi fått spørsmål om jakt med hund og eventuelle restriksjonar.
Lom fjellstyre forheld seg til råd og føringar frå veterinærinstituttet og mattilsynet. I tillegg har vi forhøyrt oss med Arne Kolden sjå Logre veterinærklinikk og slik han vurderer det er det per dags dato ikkje noko grunnlag for å legge restriksjonar på jakt med hund.
Vi fylgjer situasjonen og vil gjere tiltak dersom tilråingar frå faginstansar og/eller fagpersonar skulle tilseie det. Elles oppfordrar vi alle hundeigerar om å fylgje råda frå mattilsynet. Vi minner og om at det framleis er båndtvang fram til 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter. Dette gjeld ikkje jakthundar nytta under lovleg jakt.
Mattilsynets råd til hundeeiere:
- Begrens nærkontakt med andre hunder. 
- Ansamlinger av hunder bør unngås. 
- Ikke la hunden hilse eller snuse på andre hunder på tur. 
- Unngå at hunden snuser mye i grøfta hvor andre hunder har vært. 
- Dra raskt til veterinæren hvis du oppdager blodig eller sprutende diaré, oppkast og raskt svekket allmenntilstand hos din hund. 
- Ring veterinæren før du tar med deg hunden din på klinikken. 
- Følg vaksineanbefalingene veterinæren gir. Parvoviruset kan for eksempel gi alvorlig tarmbetennelse. 
 
                         
            