Førehandsvarsling - Regulering av rypejakta jaktåret 2026/27

Lirypetaksering for Lom Fjellstyre er nå gjennomført, resultata syner ein kjuklingproduksjon på 4,2 pr. vaksne par og eit tettheitsestimat på 15,8 liryper pr. km2.

Med bakgrunn i takseringsresultatet blir det med dette førehandsvarsla slik forslag om regulering av rypejakta gjennom dagkvoter og avgrensing i jakkortsalget for jaktåret 2026/27:

Lom fjellstyre vedtek med heimel i §23 i fjellova slike kvoter for rypejakta 2026/27:

•             Dagkvote på 2 ryper* pr. dag

•             Totalkvote på 6 ryper* for 5-dagers og vekeskort

•             Sesongkvote på 12 ryper*

* Det blir ikkje differensiert på lirype eller fjellrype. Kvote på 2 ryper er enten 2 fjellryper, 2 liryper eller ei av kvar.

Grunngjevinga for vedtaket er estimert bestandssituasjon sett mot erfaringsgrunnlag om jaktuttak og historiske bestandssvingingar.

Jakttid og avgrensingar i kortsal er uendra.

Saksframlegget finn de her. ‍ ‍

Saka blir behandla av fjellstyret torsdag 27. august.

Det vil bli opna for salg av småviltjaktkort gjennom inatur laurdag 5. september klokka 09:00. Kort i begrensa perioder blir seld etter “fyrste mann til mølla” prinsippet.

Neste
Neste

Stenging av Smådøla bru