Forvalting og kontroll av utvist tilleggsjord

Fjellstyrer har omlag kvart 10. år gjennomført kontroll med om utviste setrer i statsallmenningane er i bruk. Det er ikkje gjeve tydelege føringar for slik kontroll av tilleggsjord- og kulturbeite, men det har til no vore naturleg å samkjøre dette med gjennomgangen av setrer. Opplysningar har vore innhenta gjennom spørjeskjema sendt alle med feste på seter eller tilleggsjord, og opplysningane gjeve av brukerane var lagt til grunn for vidare oppfylging, vurdering kring bruk- og spørsmål om frifall.

Med grunnlag i aukande etterspurnad- og behov for tilleggsjord, og tydelegare føringar frå landbruksdirektoratet, har Lom fjellstyre i møte 13. mai bestemt at “det i løpet av 2027/28 føre kontroll med at utvist tilleggsjord er i bruk i samsvar med gjeldande føresegner i fjellova og retningslinjer gjeve frå landbruksdirektoratet. Informasjon om bruken skal innhentast frå brukarane gjennom utsending av spørjeskjema, og samanhaldast med informasjon frå landbrukskontoret. Om tilleggsjorda blir hausta, anten til eige bruk eller for sal, eller gjerda inn og nytta til beite som ein del av den jordbruksmessige drifta på eigedomen som parsellen ligg til, vil tilleggsjorda vere «i bruk» Forpaktingsliknande forhald skal fremjast for fjellstyret til vurdering.  Bortleige er ikkje tillate.”

Heimelsgrunnlag:

Grunnlaget for gjennomgangen er fjellova §22 andre ledd, der det går det fram at rett til utvist tilleggsjord fell bort ved oppgjeving utan atterhald, eller når tilleggsjorda i 5 år samanhengande ikkje har vore i bruk. 

Vedrørande vilkår for bruk har Landbruksdirektoratet i behandling av klage, i sak 24/52209-4 gjort fylgjande vurdering: 

Når det gjeld tolkinga av vilkåret om bruk reknast for oppfylt, følgjer det av seterforskrifta§ 9 at «Blir setervollen hausta, anten til eige bruk eller forsal, eller gjerda inn og nytta til beite som ein del av den jordbruksmessige drifta på eigedomen som setra ligg til, vil setra vere «i bruk» i høve til § 22 i fjellova.» Føresegna gjeld rett nok setervoll, ikkje tilleggsjord. Landbruksdirektoratet vurderer det likevel slik at tolkinga er relevant for korleis vilkåret i fjellova § 22 andre ledd nr. 2 er å forstå.

Vidare har dei i klagebehandling i sak 24/56006-6, om vurdering av klage på vedtak i Øyer fjellstyre om bortleige av jorda både heime og på statsallmenning samla, gjort slik vurdering:

"Fjellstyret skriver i sin klagebehandling at dersom all jord leies bort til en bruker, altså gården og setra/tilleggsjorda, så vil setra/tilleggsjorda regnes for å være i bruk. Landbruksdirektoratet kan ikke se at det er holdepunkter i rettskildene for at en slik forståelse er riktig. Etter vår vurdering kan høstingen av tilleggsjorda da ikke sies å være en del av den jordbruksmessige driften på de eiendommene som de er utvist til, høstingen er derimot til gagn for annet gårdsbruk som ikke har fått retten utvist til seg."

Aktuelt lovverk:


Neste
Neste

Fjellstyremøte 4