Fjellrev i Leirdalen
Det er observert ein blå fjellrev i Leirdalen. Fjellreven har to ulike fargevariantar, blå og kvit. Den blå varianten er brungrå heile året. Forutan størrelse og eit meir kompakt utrykk enn raudrøv, er kort nese, stutt rompe med mangel på kvit haletipp og små, avrunda einsfarga ører typiske kjennetegn.
Fjellreven er sterkt trua og sårbar for menneskleg påverknad. Den er samstundes meir tillitsfull og mindre sky enn raudrev. Om du ser den, hald avstand og følg ikkje etter. Hald kontoll på hunden din, og legg ikkje att mat.
Leirdalen er eit mykje brukt utfartsområde denne tida og utover vinteren og våren. Vi vel difor å gå ut med informasjon og ei oppmoding om å vise varsemd.