Fjelloppsynets fisketips

Her kjem ei lita oversikt og beskriving av område og vatn som vi meiner er verdt ein tur

Gjendetunga

Fantastisk område sentralt i Jotunheimen. Mange svært gode vatn, og i raudalen mellom Gjendebu og Olavsbu finn du fleire små vatn med stilleflytande elv/bekk imellom. Odd sin favoritt og han kjem ofte heim med fisk godt over kiloen. Best frå månadskiftet juli/august og utover, fordel med bra vær. Stutt veg vidare til Memurutunga om ein planlegg tur over fleire dagar. Vi har båt til utleige på øvre Grisletjønn.

Memurutunga

Mange vatn og velje mellom, i eit par av dei som ligg lågast er det sjølvrekrutering og for mykjy fisk, men elles er det veldig bra. Kan spesielt anbefale Sjugurdtindtjønn, Øvrevatnet og sist men ikkje minst Høgtungtjønna. Her finn du ein artikkel som Lars og Lars skreiv etter at dei var her, og her er ein film frå same tur.

Sognefjellet

Ei mengd forskjellige vatn av ulik størrelse og velje mellom. Her kan du finne ditt eige vesle bortgjemte vatn, og det er fisk i det meste som er djupt nok til at det ikkje bottfrys. Lett tilgjengeleg og fint for stutte familieekspedisjonar når været er bra. Aurkvea, Trivlegtjønn, Tvillingtjønnen og Utladalsvatnet er gode tips, men her er dei fleste vatna bra. Isen går som regel i midten av juli.

Dalsvatnet og Bøverdalen

Her har mange teke sin fyrste fisk! Fantastisk fin plass, barnevennleg og ofte lett å få fisk. Her har vi tillrettelagt med ein stor gapahuk og utedo som kan brukast fritt. På Hansstugubandet rett ovanfor Dalsvatnet er det opparbeida plass for bobilar/campingvogn. I elva ovanfor Dalsvatnet er det teke fisk på over 3kg på flue. Leiråsen og Halsatjerna er og kjempefine vatn både for familiar og andre. Fint frå midten av juni og utover.

Veodalen og Smådalen

Veodalen og Smådalen har fleire svært bra vatn. Sylvetjernet, Eilevsvatnet, Børjetjønn og Steinbuvatnet er blant dei plassane med høgast vekstrate hjå oss. Krepsdyr gjev fisken evne til å vokse seg stor fort, og er du på utkikk etter skikkeleg stor aure er dette plassen. Rindtjønnene og Grøntjønna i Veodalen er og verdt eit besøk.