villrein

Lom Fjellstyre har omlag 5 løyver på rein i den delen av Vårdalen statsalmenning som ligg nord for Otta elv.

Fellesjaktavtale saman med Finndalen statsalmenning og andre grunneigerar gjer at ein kan jakta på heile villreinområdet som ligg innanfor Lom og Vågå kommune.

Søknadsfrist blir utlyst i lokalavis og på heimesida

Rådyr

Det er rådyrjakt i Vis-, Leir- og Bøverdalen statsalmenning.  Jakta er inndelt i 3 ukers bolkar der alle løyva blir utdelt i første periode. Dei dyra som ikkje blir felt, går vidare og det blir seld kort for neste periode. Jakta blir tildelt ved trekning, og dei som ikkje får jakt i fyrste periode får jakt i dei påfylgjande periodane dersom det er ledige løyver.  Første periode startar 1. oktober. Frå 10 oktober er det lov med bruk av laus hund. Vi sel nokre få kort som bukkejaktkort frå 10. august. Desse blir selde for 5 dagars periodar. Krav om ettersøkshund/avtale med godkjent ettersøksekvipasje.

Jakta kan søkjast via skjema nedanfor med søknadsfrist 20 juli.

Navn *
Navn
Kva jakt søkjer du? *
Velg eit av alternativa