Siste nytt

Tabell lirypetaksering.png

Lirypetakseringa i Lom.

Lom fjellstyre utfører ikkje ei fullstendig taksering slik at vi får fram tal for kjuklingproduksjonen pr. arealeining.  Dette har vi ikkje ressursar eller kapasitet til å gjera.  Men vi har gått dei same takstlinene dei siste tjue åra, og resultatet er derfor delvis samanliknbart år for år.  Den totale lengda på takseringslinene har variert noko frå år til år, da det somme år har vore umogleg å taksere enkelte av linene på grunn av beitedyr i området, eller at vi rett og slett har mangla mannskap. Talet for totalt registrete individ er såleis ikkje samanliknbare år for år.  Derfor er det mest interessant å sjå på forholdet mellom kjuklingar og totalt registrerte individ.  Dette forholdstalet har aldri vore større enn det har vore dei to siste åra.  Dette er ein svært positiv trend i bestandsutviklinga.

 

Kommande styremøter

12141586_911930975529052_5156117216190493791_n.jpg