Stønad frå fjellkassa 2009. PDF Skriv ut E-post

Fjellstyremøtet den 18.12.2009 behandla søknadane om stønad frå fjellkassa. Korleis midlane vart fordelt, finn du under "les meir".
Møtet gav positiv uttale til 2 søknader om støtte frå Grunneigarfondet: Til parkeringsplass til almenn bruk ved Juvasshytta, og til Klimapark2469.
Om du ønskjer å lese saksdokument frå fjellstyremøta, finn du det ved å gå inn på "Fakta" på menylinja, klikke deg inn på "Fjellstyret",- og "Fjellstyresaker".
Det var avsett kr 60.000 til tiltak i allmenninga og almennyttige formål i 2009.

Midlane vart fordelt slik:
Vedlikehald og utbedring av Meadalsvegen kr 15.000,-.
Veganlegget Nyrneshaugen - Grøna elv kr 12.000,-.
Driftstilskot til Storådalen beitelag kr 15.000,-.
Driftstilskot til veodalen beitelag kr 10.000,-.
Dei resterande 8000,- er løyvd tillegare i 2009, kr 5000,- til turbokprosjekt og kr 3000,- til fylkesleir 4H.

Desse tiltaka fekk avslag på sin søknad:
Opparbeiding av parkeringsplass til alment bruk ved Juvasshytta.
Vedlikehald av vegar i Bøvertjønnen hytteområde.

 
Reinsslakting PDF Skriv ut E-post
mandag 07. desember 2009 13:05
Vinterslaktinga til tamreinlaget igang.
Lom tamreinlag tok på ettermiddagen igår inn tamreinflokken i tråa si i Sålell, og starta tidleg idag med utsorteringa av dei dyra som går til slakt.  På denne slaktinga vert det ikkje slakta på staden, men dyra vert frakta levande til slakteriet på Otta. 
Sterk vind og dårleg sikt igår vanskeleggjorde arbeidet med å ta den inn, men etter å ha fått henta innatt nokre rømlingar rekna dei med at heile flokken nå er inne.  Tidleg idag løya heldigvis vinden og utover dagen vart det ypperlege forhold og driva under.  Bilde frå silen, der utsorteringa og tungarbeidet vert gjort, viser at det er god rekruttering av yngre krefter som viser interesse og har hivd seg med i arbeidet med tamreinen.
Sjå fleire bilder i fotoarkivet vårt!




LAST_UPDATED2
 
Sal av fiskekort PDF Skriv ut E-post

Antal fiskekort som årleg blir seld i statsallmenningane i Lom, er svært stabilt. I år er det ein liten auke i sal av stongkort, og ein liten nedgong i sal av kort for fastståande redskap.

LAST_UPDATED2
Les mer …
 
Godt frammøte på rypemøtet på Fjellmuseet.... PDF Skriv ut E-post
tirsdag 17. november 2009 13:34
Det er ofte vanskeleg å få ut att folk på tilstellingar på kveldstid, men måndagskvelden var det likevel mange som valde bort "Jakten på kjærligheten" og møtte opp på Fjellmuseet.  I alt var det knapt 40 frammøtte, dei fleste lomverar, men også fleire frå nabokommunane la vegen til Lom denne kvelden.  Det gode frammøtet skuldast nok i fyrste rekkje at vi hadde fått tak i ein av dei fremste innan rypeforskninga i landet, professor på Høgskolen i Hedmark og mangeårig forskar i NINA, Hans Christian Pedersen, men også at det var eit tema som interesserer mange.  Pedersen gav ei interessant utgreiing om det landsomfattande forskningsprosjektet på rypeforvaltning som pågår idag, og orienterte om resultat og erfaringar frå mange års forskningsarbeid.
LAST_UPDATED2
Les mer …
 
Langvegsfarande hjort felt i Lom PDF Skriv ut E-post

Magnar Flaten felte heilt sist i jakta ein hjortbukk på Leiråsen som viste seg å vera merka i høgre øyra med eit plastmerke.  Ved søking på nettet har vi funne ut at hjortbukken truleg har innvandra heilt frå grensa til Sør-Trøndelag på Nordmøre, og at den har vore merka i samband med eit prosjekt som pågår i Nordmøre og Sør-Trøndelag. Av tilgjengeleg data frå prosjektet framgår det at den 18.3.2008 vart det ved Stemshaug i Aure kommune merka ein bukk med farge og nummer på merket tilsvarande det vi fann på bukken som i haust vart felt på Leiråsen.  Bukken var frå 2007 og hadde på tidspunktet for merkinga ei levande vekt på 59 kg.

 

Prosjektet har tittelen ”Merke- og utviklingsprosjekt hjort - Nordmøre og Sør-Trøndelag” og det

skal bidrage til å auke kunnskapen om trekkmønsteret og arealbruken til hjorten, og bidrage til auka kunnskap om hjortens krav til, og bruk av leveområda. Meir informasjon og resultat frå prosjektet finn du ved å gå inn på http://www.hjortmerk.no/index.asp

Saka har fått omtale i avisa Tidens Krav, avis for Nordmøre.

Les mer …
 
Resultat storviltjakt 2009 PDF Skriv ut E-post

Storviltjakta på felta våre vart avslutta den 31.oktober.

I feltet Visdalen, Leir- og Bøverdalen vart heile kvota felt, 6 elg og 2 hjort + 2 tilleggsdyr hjort.
Av elg vart det felt 2 oksar, 2 kyr og 2 kalvar,største oksen var på 244 kg.
Av hjort vart det felt 4 dyr, 2 store bukkar, ein 11 og ein 12 takkar, ein mindre bukk og ein kalv.

I feltet Vårdalen vart det ikkje felt dyr i år. Kvota var på 1 ungdyr elg.

2009 var siste året av kontraktsperioden på 3 år. Fjellstyret vil vurdere både feltinndelinga og kontraktslengda for neste sesong.

 
Fiskeutsettingar i 2009. PDF Skriv ut E-post
I 2009 vart det utsett 5.290 settefisk i 20 forskjellige vatn/elver i allmenningen. Liste over utsettingane finn du her.
 
Fjellstyresaker lagt ut til offentleg ettersyn PDF Skriv ut E-post

Desse sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Midtgard med høyringsfrist innan den 5. november:
1. Uttale til konsesjonssøknad om utbygging av Smådøla.
2. Uttale til søknad om kjøp av grunn til utviding av tomt til Fjellro i Leirdalen.

leirvassbu raudalen vassenden
Frå Leirvassbu mot Kyrkjeglupen Kveldstemning i Raudalen Vassenden mot høydalen

 

 
<< Start < Forrige 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 3 av 3

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 02.08.10  gjort vedtak i denne saka:

Søknad om oppsetjing av sanketrå i Dummdalen, frå Bøvertun sankelag.
Søknad og kart.

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 27. august 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 03.08.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå