|
Det ser ut som vi har hatt besøk av den vesle frostmålaren (liten høstmåler) ved Gjende. Den legg egg på bjørkeskot, og larveneet opp lauvet etter kvart som den veks.
Når larvene er ferdig utvikla i midten av juli, slepp den seg ned i skogbotnen og forpuppar seg. Liten frostmålar (liten høstmålar) ligg i skogbotnen som puppe heilt til det har vore ei frostnatt, då svermar og parrar den seg.
Bjørka her i sør klarar seg som regel bra, fordi det er gode vekstforhold og bjørkeblada utviklar motstandsstoff mot målarlarvene alt same sommar.
|
|
Nytt av året er Fiskekort Jotunheimen. Det er eit stongkort som gjeld heile Jotunheimen, avgrensa i aust med nasjonalparkgrensa, i nord med rv 55 og i sør med kommunegrensa mot Vang og Årdal,- og det er eit samarbeid mellom fjellstyra i Vågå, Austre Luster og Lom. Kortet er til salgs i turistinformasjonen i Lom, og på eit del av hyttene i fjellet. |
|
Den årlege familiefiskedagen vart arrangert på Bøverkinnhalsen søndag den 27. juni. Meir enn 70 personar hadde ein flott dag med fisking, grilling og natursti. Det vart reine premiedrysset for dei yngste deltakarane. Største fisken som vart hala på land, var på heile 1250 gram! Den stolte fiskar heiter Jørn Angard, 4 år.
|
|
Villreinjakta 2010 er trekt |
|
|
|
|
Trekningsliste villreinjakt2010 Tildeling av reinskort i Finndalen, Vårdalen og Nordherad statsalmenningar 2010. |
|
Trekningsresultata frå elg- og hjortejakta er no klare og godkjent av fjellstyra. Trekningsresultata finn du her. Eller du kan laste dei ned på http://www.fjellstyra.no/. |
|
Sportsfiske i statsallmenningane |
|
|
|
|
Det er fin fjellørret i vatn og elvar i fjellet. Fiskekort kan kjøpast på Inatur, i turistinformasjon, i butikkar og kioskar og på turisthytter i fjellet. Alle pliktar å setje seg inn i gjeldande fiskereglar.
Nytt i år er tilbud om fritt fiske for fiske med stong eller handsnøre for ungdom inntil det kalenderåret dei fyller 20 år. Ungdom mellom 16 og 20 år må få utskrive frikort hjå kortseljarane eller på fjellstyrekontoret mot framvising av aldersbevis. Barn under 16 år kan fiske fritt med stong utan å løyse fiskekort. Dette gjeld sjølvsagt likevel ikkje i fredingstida, dvs. i tida 20.9. – 31.10. Barn og unge under 20 år som fiskar eller deltek i fiske med annan redskap enn stong, må løyse fiskekort for denne reiskapen.
|
|
Villreinjakt i Nord-Ottadalen |
|
|
|
|
Innanbygdsbuande som ønskjer jakt i statsallmenning i felles jaktområde i Lom og
Vågå, sender søknad på eit postkort til: Finndalen fjellstyre, p.b. 16, 2684 Vågå, eller på
e-post til finndalen@fjellstyrene.no. Søknaden må vera fjellstyret i hende før 15. mai. Trekninga skjer 21. mai kl. 12.00 i 3. etasje på kommunehuset i Vågå (ope for alle).
|
|
Kort for utanbygdsbuande for småviltjakt i statsallmenningane i Lom vart trekt på fjellstyremøte den 12.april.
For småviltjakt med hund, ligg lista for tildelte kort her.
For småviltjakt utan hund vart det trekt ut 75 kort for jakt i perioden 15. - 21. september. Resten av søkjarane får tilbud om jakt i perioden 22. - 28. september. Frå den 29. september er det fritt kortsalg. Liste for tildelte kort ligg her. |
|
I 2010 vil fjellstyret starte arbeidet med registrering og kontroll av om setrar og utvist tilleggsjord er i bruk.
|
|
Les mer …
|
|
Frå 01.01.2010 gjeld LOV 2009-06-19 nr 97: Lov om dyrevelferd. Nytt der er eit generelt forbod mot piggtråd.
|
|
Les mer …
|
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 Neste > Siste >>
|
|
Side 2 av 3 |