Turisme og friluftsliv PDF Skriv ut E-post

Jotunheimen har frå fyrstninga av 1800-talet vore arena for det enkle friluftslivet og fjellturisme. Det er såleis mange turisthytter med lang tradisjon for turisme i statsallmenninga. Dei to høgste toppane i landet, Galdhøpiggen og Glittertind, og halvparten av alle 2000-meterstoppane, er turmål som trekkjer til seg ei mengd turistar særleg i sommarmånadene. Turismen og aktivitetar knytt til denne har betydd mykje for næringsutviklinga i allmenninga og kommunen

Dei fleste av turisthyttene har sitt utspring i gamle setrer, og mange vart etablerte på 1800-talet, og er eldre enn 100 år. Gjendebu vart for eksempel oppført i 1871, og til og med Juvasshytta på 1840 m.o.h.stod ferdig allereie i 1884, oppført av den legendariske Knud Vole.

Mange av hyttene ligg i turrutenettet til Den Norske Turistforening, og turistforeininga eig sjølve to av hyttene, Gjendebu og Glitterheim. Dei andre turiststadene i allmenningen: Leirvassbu, Spiterstulen, Juvasshytta, Memurubu, Sognefjellshytta, Krossbu, Bøvertun, Jotunheimen Fjellhotell, Høydalsseter og Brimi Fjellstugu er alle privateigde.

Tidlegare dreiv ofte vertane på turisthyttene samstundes som fjellførarar, og tok på seg føring av enkeltpersonar eller grupper. I fyrstninga av fjellturismen, medan kartmaterialet ennå var så måteleg, og erfaringane frå fjellet var mangelfulle, ynskte dei fleste tilreisande turistane fylgje og føring av kjentfolk. Også i dag skjer det føring med utgangspunkt ifrå fleire av turisthyttene. Enten har hyttene sjølve eigne førarar, eller det skjer i samarbeid med kommersielle selskap som driv med fjellføring. Sidan 1990 er det etablert mange kommersielle selskap som driv med fjellføring eller guiding i Jotunheimen.


icon Kulturminner på turen

 

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 14.juni gjort vedtak i desse sakene:
1. Søknad om utvisning av tilleggsjord i Smørlia.
2. Søknad om utviding av seterkve på Byrtnes.
3. Søknad om utviding av tråplass for geiter i Høydalen.
4. Areal til parkeringsplass i Høydalen.
5.Brimi seter søknad om gristro

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 8. juli 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 16.06.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå