Endring i reglane for storviltjakt
Frå 2010 er det endringer i reglane for storviltjakt for statsallmenningane i Lom. Heile fjellstyresaka ligg her.
Vedtak:
Fjellstyret gjer vedtak om desse endringane i jaktordninga for storvilt:
1. "Jakttida for hjort vert endra frå perioden 20.9. – 31.10. til perioden 20.9. – 15.11.
2. Jaktfeltet Visdalen/Leir- og Bøverdalen vert delt i to felt for elg- og hjortjakta: Bøverdalen/Høydalen som det eine, og Visdalen/Leirdalen som det andre. Grensa mellom desse vert rv. 55 frå allmenningsgrensa ved Fjellro opp til fylkesgrensa på Sognefjellet, som vist på vedlagte kart.
3. Storviltjakta vert sett bort i periodar på to år.
Det skal vera ei rullering slik at det jaktlaget som har hatt jakta ein periode, stiller sist i køen att den neste perioden. Rulleringa gjeld for tre periodar, slik at eit jaktlag som har hatt jakt ein periode, stiller bak "nye" lag att dei tre etterfylgjande periodane. For at eit lag skal definerast som "nytt", må jaktlagsleiaren vera ny og minst 60 % av laget vera utskifta. På felt med kvote på tre dyr eller meire, skal jaktlaget ha minimum 6 deltakarar.
4. Fylgjande plan for kvotar og rullering mellom innanbygds og utanbygds lag gjeld for perioden 2010-2015:"
|
ÅR/JAKTFELT
|
VÅRDALEN/SMÅDALEN
|
BØVERDALEN/HØYDALEN
|
VISDALEN/LEIRDALEN
|
||||||||||||
|
Innanb,
|
Utanb.
|
Innanb.
|
Utanb.
|
Innanb.
|
Utanb.
|
||||||||||
|
2010
|
1 elg
|
3 elg/2 hjort
|
3 elg/2 hjort
|
||||||||||||
|
2011
|
1 elg
|
3 elg/3 hjort
|
3 elg/2 hjort
|
||||||||||||
|
2012
|
1 elg
|
3 elg/2 hjort
|
3 elg/3 hjort
|
||||||||||||
|
2013
|
1 elg
|
3 elg/2 hjort
|
3 elg/3 hjort
|
||||||||||||
|
2014
|
1 elg
|
3 elg/2 hjort
|
3 elg/2 hjort
|
||||||||||||
|
2015
|
1 elg
|
3 elg/2 hjort
|
3 elg/2 hjort
|
||||||||||||
|
Total
|
2 dyr
|
4 dyr
|
20 dyr
|
11 dyr
|
20 dyr
|
12 dyr
|
|||||||||
|
Innanbygds 61 % av tot. antal dyr
|
Utanbygds 39 % av tot. antal dyr
|
||||||||||||||
Kvotane kan bli endra, men vil bli tilpassa slik at fordelinga totalt sett etter heile planperioden skal verta tilnærma lik 60/40.
5. Jaktlaga skal ha eigen ettersøkshund i laget.
6. Ved fylt grunnkvote på eitt av felta skal det andre laget kunne jakte på heile allmenningsfeltet. Bestemmelsar om dette må takast inn i kontrakta med jaktlaga.







