Prisar og kvoter jakt utan hund PDF Skriv ut E-post

Hausten 2010:


For perioden 15.9. – 28.9. vert det innført ein kvote på småviltjaktkort til utanbygds jegerar utan hund.  Perioden vert delt i to periodar, 15.-21.9. og 22.-28.9. , og talet på jegerar pr. periode vert sett til 75 kort.  Jaktområdet vert ikkje inndelt i jaktfelt.  Frist for å søkje om kort i desse periodane er 1.april. Eventuelle ledige kort for heil veke eller enkelte dagar i perioden 15.9 - 28.9 vil bli lagt ut for salg på Inatur frå august 2010.

 

Det skal vera høve til å kjøpe seg enten dagskort eller vekeskort.  Prisane på korta skal vera som elles i jaktåret, kr. 600 for vekeskort og kr. 150 for dagskort.  Dei som løyser berre dagskort for ein eller fleire dagar, må betale full pris for sesongkortet etter den regulerte perioden, dersom dei ynskjer å løyse dette.  Dei som løyser vekeskort, får tilbod om sesongkort til halv pris, altså eit tillegg på kr. 400 til prisen på vekeskortet, dersom dei ynskjer å løyse sesongkort etter den regulerte perioden. 

Fullstendig prisliste ligg her.


Innanbygds med og utan hund kan fritt kjøpe kort i heile jaktperioden.

I retningslinene til forskrift av 3. mars 2004 om jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning frå DN, står det m.a. om:

 

Reguleringer v/ småviltjakt uten hund

 Det er ikke adgang til å fastsette avvikende reguleringer for småviltjakt uten hund mellom innen- og utenbygdsboende f. eks. fastsette baglimits kun for utenbygdsboende eller i vesentlig grad å innskrenke jaktområde i forhold til tilgjengelig areal for innenbygdsboende. Det er imidlertid antatt at fjellstyret kan ha fritt kortsalg til innenbygdsboende, men kreve at utenbygdsboende kun får jakt etter søknad (innen fastsatt søknadsfrist). Dette forutsetter at fjellstyret innestår for at 60/40 fordelingen overholdes. 

 

 

 

 

 

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 02.08.10  gjort vedtak i denne saka:

Søknad om oppsetjing av sanketrå i Dummdalen, frå Bøvertun sankelag.
Søknad og kart.

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 27. august 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 03.08.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå