Ny seterforskrift PDF Skriv ut E-post

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane som kom i 1984, og er endra fleire gonger. Rundskriv av 28.august 2009 inneheld siste endring.

Det skal lempast på kravet til mjølkeproduksjon på setra når det blir utvist seter, og det skal kunne utvisast seter der det ligg til rette for ein kombinasjon av jordbruksmessig og småskala turistmessig utnytting av setrene i statsallmenning. Dette betyr at det også skal bli lagt vekt på andre omsyn, slik som ein kombinasjon av aktivitetar som krev husvære, inkludert småskala turistmessig utnytting av seter i form av utleigehusvære, servering osb. Det blir signalisert ei endring av praksis slik at det normalt bør bli gjeve løyve til ombygging/ominnreiing av bygningar det ikkje lenger er bruk for til seterformål, slik at desse kan tjene hovudbruket på anna vis.

Det har vore diskusjon om korleis bruksrettane i statsallmenningane skal utvikle seg. Det er viktig at bruksrettane skal kunne utnyttast i samsvar med rasjonell bruk etter "tida og tilhøva". Det kan kome fleire endringer i regelverket på dette feltet.

Rundskriv om forskrift om seter og tilleggsjord m.m.i statsallmenningane ligg her.