Storviltjakt PDF Skriv ut E-post


Områda på nordsida av Ottadalen inngår i Ottadalen villreinområde. Fjellstyret har ein kvote berre på 5-10 dyr, og alle korta går til innanbygdsbuande. Områda på sørsida av Ottadalen er tamreinområde, og fjellstyret leiger bort beite til Lom tamreinlag.

Jakttida for villreinjakta er i hovudsak frå den 20.8. t.o.m. den 10.9. Det kan vera små forskyvningar i start- og sluttdato frå år til år.

Berre ein liten del av allmenninga er eigna elg- og hjortterreng. Det er tre felt til utleige, men den totale fellingskvoten ligg berre på 4-6 elgar og 2-3 hjortar.

Søknad på elg- og hjortjakta på nettstaden www.inatur.no, fellestrekning og kunngjering på nettet. Søknad på rådyrjakt skjer direkte til Lom fjellstyre.

Jakttider:
Hjort: 20.9.-31.10, elg: 25.9.-31.10., rådyr: 1.10.-23.12.

Generelle bestemmelser om elg- og hjortjakt, trykk her