Fiske PDF Skriv ut E-post

Omlag 140 små og store fiskevatn, og 130 km med fiskeførande elver og bekkar. Aure er det einaste fiskeslaget. Berre eit fåtal av vatna er sjølvrekrutterande, og det blir såleis sett ut eitt- eller to-årig settefisk i dei fleste vatna. Det høgstliggjande fiskevatnet er Juvvatnet på 1835 m.o.h.

Stongfiske er tillate for alle, både utlendingar og nordmenn.

Oterfiske er tillate for alle busette i Norge. På nokre få vatn (5) er oterfiske tillate berre for innanbygdsbuande, desse vatna er opplista på fiskekortet.

Fiske med fastståande reiskap er lov berre for innanbygdsbuande med eit unntak, Høydalsvatnet. På Høydalsvatnet er garnfiske også tillate for utanbygdsbuande.

I tida 20.9. - 31.10. er alt fiske forbode.

På Langvatnet og Øvre Grisletjernet har fjellstyret båtar til utlån i tilknyting til fiske.

Fiskekort kan kjøpast på dei fleste turiststadene, daglegvareforretningar, kioskar og på nettstaden www.inatur.no . Fullstendige fiskereglar får du hjå kortseljar.

Prisar for stongkort

Korttypar Enkeltkort Familiekort
1 - døgns 50 80
3 - døgns 100 150
1 veke 150 250
Sesong 300 400

Prisar for stong/oter-kort

Korttypar Enkeltkort Familiekort
1-døgns 75 -
3-døgns 150 -
1 veke 250 -
Sesong 400 550

Prisar for fastståande fiskereiskap

Korttypar Enkeltkort Familiekort
1-døgns 60 -
3-døgns 120 -
1 veke 200 -
Sesong 350 500
 

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 14.juni gjort vedtak i desse sakene:
1. Søknad om utvisning av tilleggsjord i Smørlia.
2. Søknad om utviding av seterkve på Byrtnes.
3. Søknad om utviding av tråplass for geiter i Høydalen.
4. Areal til parkeringsplass i Høydalen.
5.Brimi seter søknad om gristro

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 8. juli 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 16.06.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå