| Turisme og friluftsliv |
|
|
|
|
Jotunheimen har frå fyrstninga av 1800-talet vore arena for det enkle friluftslivet og fjellturisme. Det er såleis mange turisthytter med lang tradisjon for turisme i statsallmenninga. Dei to høgste toppane i landet, Galdhøpiggen og Glittertind, og halvparten av alle 2000-meterstoppane, er turmål som trekkjer til seg ei mengd turistar særleg i sommarmånadene. Turismen og aktivitetar knytt til denne har betydd mykje for næringsutviklinga i allmenninga og kommunen Dei fleste av turisthyttene har sitt utspring i gamle setrer, og mange vart etablerte på 1800-talet, og er eldre enn 100 år. Gjendebu vart for eksempel oppført i 1871, og til og med Juvasshytta på 1840 m.o.h.stod ferdig allereie i 1884, oppført av den legendariske Knud Vole. Mange av hyttene ligg i turrutenettet til Den Norske Turistforening, og turistforeininga eig sjølve to av hyttene, Gjendebu og Glitterheim. Dei andre turiststadene i allmenningen: Leirvassbu, Spiterstulen, Juvasshytta, Memurubu, Sognefjellshytta, Krossbu, Bøvertun, Jotunheimen Fjellhotell, Høydalsseter og Brimi Fjellstugu er alle privateigde. Tidlegare dreiv ofte vertane på turisthyttene samstundes som fjellførarar, og tok på seg føring av enkeltpersonar eller grupper. I fyrstninga av fjellturismen, medan kartmaterialet ennå var så måteleg, og erfaringane frå fjellet var mangelfulle, ynskte dei fleste tilreisande turistane fylgje og føring av kjentfolk. Også i dag skjer det føring med utgangspunkt ifrå fleire av turisthyttene. Enten har hyttene sjølve eigne førarar, eller det skjer i samarbeid med kommersielle selskap som driv med fjellføring. Sidan 1990 er det etablert mange kommersielle selskap som driv med fjellføring eller guiding i Jotunheimen. |