Fisking for barn og unge PDF Skriv ut E-post

  
Frå 2010 vert det innført fritt fiske for fiske med stong eller handsnøre for ungdom inntil det kalenderåret dei fyller 20 år.  Ungdom mellom 16 og 20 år må få utskrive frikort hjå kortseljarane eller på fjellstyrekontoret mot framvising av aldersbevis. Barn under 16 år kan fiske fritt med stong utan å løyse fiskekort. Dette gjeld sjølvsagt likevel ikkje i fredingstida, dvs. i tida 20.9. – 31.10. Barn og unge under 20 år som fiskar eller deltek i fiske med annan redskap enn stong, må løyse fiskekort for denne reiskapen.

Fjellstyret har fleire tiltak retta mot barn og unge. I juni kvart år blir det arrangert familiefiskedag på Halsatjønn. Det blir sett ut stor fisk til denne dagen, og det er premier og natursti. Fjellstyret ordner med bål til grilling, og serverer kaffe og juice.

På den årlege overnattingsturen til Grønbua i Veodalen saman med alle 7. klassingane i Lom, er elevane med og set ut fisk i Veo, på Rindtjerna og Steinbuvatnet, og får delta i prøvefiske på Veslvatnet. 


.

 

 


 

 

 

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 14.juni gjort vedtak i desse sakene:
1. Søknad om utvisning av tilleggsjord i Smørlia.
2. Søknad om utviding av seterkve på Byrtnes.
3. Søknad om utviding av tråplass for geiter i Høydalen.
4. Areal til parkeringsplass i Høydalen.
5.Brimi seter søknad om gristro

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 8. juli 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 16.06.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå