Om fjellstyret PDF Skriv ut E-post

Lom fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i statsallmenningar i Lom kommune. Heile 76% av Lom kommune er statsallmenning, delt i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, tilsaman eit areal på ca 1,2 mill. dekar. I tillegg til dette ligg 95% av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre sett saman av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå.

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene. Inntektene til fjellstyret går inn i "fjellkassa". For Lom fjellstyre er dei største inntektspostane utleige av beite til tamreindrift, festeavgift frå hytter, småviltjakt, storviltjakt, fiske og refusjon for oppsynsoppgåver. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 1,6 millionar kroner.