Bruk av seter PDF Skriv ut E-post

I 2010 vil fjellstyret starte arbeidet med registrering og kontroll av om setrar og utvist tilleggsjord er i bruk.

REGISTRERING AV SETER, KULTURBEITE OG DYRKINGSPARSELL, OPPFØLGING AV REGISTRERING FRÅ 2000.

 

Med bakgrunn i Fjellova og forskrifter til denne, er det fjellstyret som forvaltar utvising og bruk av seter og tilleggsjord i statsallmenningen.  Statskog er høyringspart i sakene.

 

Etter rundskriv M-4/2009, ”Om forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane”, pliktar fjellstyret å føre jamnleg kontroll av om utviste setrer og tilleggsjord er i bruk. Slik kontroll skal skje minst kvart 10. år, og Statskog SF skal ha ein dokumentasjon på at dette er gjort for oppdatering av seterregisteret.

 

I år 1999/2000 foretok fjellstyret ei registrering av dei enkelte festeforholda  på seter/kulturbeite og dyrkingsparsell i allmenningen. Dette vart gjort ved å innhente informasjon frå den enkelte festar/rettshavar, og kontrollere om dei registreringane som ligg inne i registeret er rette. Dette går på inngjerda areal, korleis arealet vert brukt (hausting/beiting), kor mange hus som er på festet, kva for typar hus, og storleiken av dei enkelte husa.

 

I 2010 vil fjellstyret starte arbeidet med ei rullering av seterregisteret, og vil innhente ny informasjon frå den enkelte festar/retthavar om bruken av setra/tilleggsjorda. Det vil bli sendt brev til alle som har eit jordbruksrelatert feste, og eit skjema som vi ber om blir fylt ut og returnert.

Frå sommaren 2010 vil fjellstyret starte opp kontrollen ute på setrane for å kunne dokumentere at opplysningane er rette.
Kontrollen vil bli utført ved at representantar for fjellstyret skal innom alle setrer, kulturbeite og dyrkingsparsellar i statsallmenningen. Arbeidet med slik kontroll vil foregå årleg etter ein rullerande plan.
Rundskriv om forskrift om seter og tilleggsjord


 

 

 

Aktuell info:

Saker til offentleg gjennomsyn:

Lom fjellstyre har i møte den 14.juni gjort vedtak i desse sakene:
1. Søknad om utvisning av tilleggsjord i Smørlia.
2. Søknad om utviding av seterkve på Byrtnes.
3. Søknad om utviding av tråplass for geiter i Høydalen.
4. Areal til parkeringsplass i Høydalen.
5.Brimi seter søknad om gristro

Eventuelle merknader/klager til sakene skal stilast til:

    Statens Landbruksforvaltning
    Postboks 8140 Dep
    0033 OSLO

- men skal sendast til Lom fjellstyre, boks 94, 2688 Lom innan 8. juli 2010.

Sakene er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i forvaltningslova og fjellova, frå i dag den 16.06.2010. 

 

Fritekstsøk:

Besøkende:

Vi har 3 gjester her nå