| Godt frammøte på rypemøtet på Fjellmuseet.... |
|
|
|
|
Det er ofte vanskeleg å få ut att folk på tilstellingar på kveldstid, men måndagskvelden var det likevel mange som valde bort "Jakten på kjærligheten" og møtte opp på Fjellmuseet. I alt var det knapt 40 frammøtte, dei fleste lomverar, men også fleire frå nabokommunane la vegen til Lom denne kvelden. Det gode frammøtet skuldast nok i fyrste rekkje at vi hadde fått tak i ein av dei fremste innan rypeforskninga i landet, professor på Høgskolen i Hedmark og mangeårig forskar i NINA, Hans Christian Pedersen, men også at det var eit tema som interesserer mange. Pedersen gav ei interessant utgreiing om det landsomfattande forskningsprosjektet på rypeforvaltning som pågår idag, og orienterte om resultat og erfaringar frå mange års forskningsarbeid.
Bakgrunnen for at fjellstyret hadde invitert til kvelden, var dei dystre tsiktene som har vore teikna av rypebestandane i nær sagt heile landet den siste hausten. Pedersen opna med å roe ned med at det slett ikkje var fyrste gongen det var frykt for at "den siste rypa" var skoten. Svingningar i småviltbestanden hadde det alltid vore, og årsakene til dette var komplekse. Dette gjer småviltforvaltninga så vanskeleg og utfordrande samanlikna med forvaltninga av både storviltet og rovviltet, sa han. Han kunne derfor ikkje leggje fram noko fasitsvar på korleis forvaltninga skulle vera, men kommenterte og kom med synspunkt på mange forskjellige tiltak som kunne gjennomførast for å betre rypebestanden. Eit samandrag av foredraget hans vil bli lagt ut på heimesidene våre når dette foreligg. |