Artikler
Prisar og kvoter jakt utan hund
Hausten 2011:
For perioden 15.9. – 28.9. vert det innført ein kvote på småviltjaktkort til utanbygds jegerar utan hund. Perioden vert delt i to periodar, 15.-21.9. og 22.-28.9. , og talet på jegerar pr. periode vert sett til 75 kort. Jaktområdet vert ikkje inndelt i jaktfelt. Frist for å søkje om kort i desse periodane er 1.april. Eventuelle ledige kort for heil veke eller enkelte dagar i perioden 15.9 - 28.9 vil bli lagt ut for salg på Inatur frå august 2011.
Det skal vera høve til å kjøpe seg enten dagskort eller vekeskort. Prisane på korta skal vera som elles i jaktåret, kr. 600 for vekeskort og kr. 150 for dagskort. Dei som løyser berre dagskort for ein eller fleire dagar, må betale full pris for sesongkortet etter den regulerte perioden, dersom dei ynskjer å løyse dette. Dei som løyser vekeskort, får tilbod om sesongkort til halv pris, altså eit tillegg på kr. 400 til prisen på vekeskortet, dersom dei ynskjer å løyse sesongkort etter den regulerte perioden.
Fullstendig prisliste ligg her.
Innanbygds med og utan hund kan fritt kjøpe kort i heile jaktperioden.
I retningslinene til forskrift av 3. mars 2004 om jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning frå DN, står det m.a. om:
Reguleringer v/ småviltjakt uten hund
Det er ikke adgang til å fastsette avvikende reguleringer for småviltjakt uten hund mellom innen- og utenbygdsboende f. eks. fastsette baglimits kun for utenbygdsboende eller i vesentlig grad å innskrenke jaktområde i forhold til tilgjengelig areal for innenbygdsboende. Det er imidlertid antatt at fjellstyret kan ha fritt kortsalg til innenbygdsboende, men kreve at utenbygdsboende kun får jakt etter søknad (innen fastsatt søknadsfrist). Dette forutsetter at fjellstyret innestår for at 60/40 fordelingen overholdes.







