By A Web Design

Artikler

Snømåling på Sognefjellet

Fjelloppsynet har sidan 2000 gjort målingar av snødybda og tettleiken i snøen ved Sognefjellshytta for NVE. Dette blir gjort på faste tidspunkt frå siste veka i januar og heilt til snøen blir borte på forsommaren. Snømålinga som vart gjort siste veka i januar, viser at det er meir "normale" snøforhold att enn dei to førre vintrane som var prega av lite og sundfrosen, porøs snø. Snølaget var kompakt og tett etter årstida, og snødybda om lag som i 2008. Gjennomsnitteleg snødybde var større både i 2007 og 2005 på same tidspunktet. Det var eit markert islag på 2 cm omlag 60 cm nede i snøprofilen, som synte at mildveret vi hadde i romjula, hadde innverka på føret så høgt til fjells som her au.


Det var topp skiføre heile vegen frå leirlia til innpå fjellet, men dette har endra seg med den sterke vinden som har vore etterpå.