Seterregisteret
111118 seteregisteret.pdf
Jaktstopp rype
Forslag til innkorting i jakttida for rype i Visdalen-, Vårdalen, Leir- og Bøverdalen statsallmenning. Vedtak i fjellstyret vart:
Jaktstopp for lirype og fjellrype frå 01.01.2012.
Les saka: 201151 regulering av småviltjakta.pdf
Hytte i påska?
Lom fjellstyre har fleire hytter til utleige i flott skiterreng i Jotunheimen. Sjå informasjon under hytteutleige på heimesida www.lom-fjellstyre.no
Det er enno ledige hytter i påska 2012. Innanbygdsbuande har fyrsteretten til leige. Kontakt:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
eller tlf. 61211670.
Bildet er av Lom fjellstyre si hytte ved Bøvertjønnen, teke i januar 2011.
Snømåling på Sognefjellet
Fjelloppsynet har sidan 2000 gjort målingar av snødybda og tettleiken i snøen ved Sognefjellshytta for NVE. Dette blir gjort på faste tidspunkt frå siste veka i januar og heilt til snøen blir borte på forsommaren. Snømålinga som vart gjort siste veka i januar, viser at det er meir "normale" snøforhold att enn dei to førre vintrane som var prega av lite og sundfrosen, porøs snø. Snølaget var kompakt og tett etter årstida, og snødybda om lag som i 2008. Gjennomsnitteleg snødybde var større både i 2007 og 2005 på same tidspunktet. Det var eit markert islag på 2 cm omlag 60 cm nede i snøprofilen, som synte at mildveret vi hadde i romjula, hadde innverka på føret så høgt til fjells som her au.Det var topp skiføre heile vegen frå leirlia til innpå fjellet, men dette har endra seg med den sterke vinden som har vore etterpå.
Fjellstyret
Det nye fjellstyret hadde sitt første møte 19. desember 2011.
Desse sit i Lom fjellstyre 2011-2015:
Leiar: Erik Frisvold
Fjellstyremedlemmar: Bjørnar Brustuen, Ellen Olasveen, Magnar Mundhjeld, Sigrun Garmo
Orientering om seter
Det er sendt ut brev til alle med seter eller tilleggsjord i statsallmenningane i Lom med orienrering om seterforskrift, og om registrering av setre, kulturbeite og tilleggsjord.
Forskrift om seter og tilleggsjord
Stiprosjektet
Stiprosjektet frå Spitersulen opp mot Galdhøpiggen er no igang. Det er finansiert med skjøtselsmidler frå nasjonalparkbudsjettet og er leia av Statens Naturoppsyn. På grunn stor ferdsel og erosjon har det med tida vorte mange stilløp som er skjemmande og sjå på. Den opprinnelege gamle kløvvegen skal nå restaurerast og tilpassast stor ferdsel . Gamle stiløp blir stengd av slik at ferdselen blir kanalisert etter ein stig. Sherpaer frå Nepal er igang med arbeidet og vil halde på i vekane framover. Fjelloppsynet er med og rettleier sherpaene som ein del av tjenestkjøpsavtala med SNO.
Manglande vedlikehald av gjerde i fjellet?
Dårlege gjerde og gamle gjerde som ligg til nedfalls, er farleg både for tamme og ville dyr i utmarka. Dei fleste er flinke til å sjå etter og reparere gjerda sine rundt dyrkingsparsellar og seterkveer, men det er også mange eksempel på mangelfullt gjerdehald. Ettersyn av gjerda er spesielt viktig attpå vinteren. Kontroll med at gjerdehaldet er tilfredsstillande, er ein del av oppgavene til fjelloppsynet i berrmarkssesongen, og mangelfullt gjerdehald vert rapportert til Statskog, som gjev festaren påbod om reparere eller rydde opp. Forhold som vert rapporterte er:
- Nedklengte gjerde
- Lause gjerde
- Dobbelte gjerde
- Gjerderestar
- Piggtråd åleine
- ”Attgløymde” strømgjerde
Påbod om reparasjon/opprydding som ikkje blir etterkome, vert meldt vidare til dyrevernnemnda. http://www.lovdata.no/all/hl-20090619-097.html







