Fisking for barn og unge
.
Frå 2010 vert det innført fritt fiske for fiske med stong eller handsnøre for ungdom inntil det kalenderåret dei fyller 20 år. Ungdom mellom 16 og 20 år må få utskrive frikort hjå kortseljarane eller på fjellstyrekontoret mot framvising av aldersbevis. Barn under 16 år kan fiske fritt med stong utan å løyse fiskekort. Dette gjeld sjølvsagt likevel ikkje i fredingstida, dvs. i tida 20.9. – 31.10. Barn og unge under 20 år som fiskar eller deltek i fiske med annan redskap enn stong, må løyse fiskekort for denne reiskapen.
På den årlege overnattingsturen til Grønbua i Veodalen saman med alle 7. klassingane i Lom, er elevane med og set ut fisk i Veo, på Rindtjerna og Steinbuvatnet, og får delta i prøvefiske på Veslvatnet.







