Fiskekort Jotunheimen
FISKEKORTET FOR DEG SOM FERDAST I JOTUNHEIMEN
- For ørretfiske med stong i heile Jotunheimen, med enkelte unntak.
- Gjeld for meir enn 60 små og store fiskevatn og eit ti-tals elvar. Oversikt over fiskevatn.
- Kan kjøpast av alle, både innanlandske og utanlandske gjester.
- Gratis for barn og ungdom inntil 16 år.
- Kart over området for fiskekort Jotunheimen
- Til sals på www.Inatur.no, i turistinformasjonen i Lom, og på eit del av hyttene i fjellet.
Ørret, eller aure, er einaste fiskeslaget i alle vatn og elver. Mange av vatna ligg så høgt at det ikkje er naturleg rekruttering. I mange av desse vatna blir det sett ut settefisk jamnleg. Oversikt over utsetjing finst på www.lom-fjellstyre.no. I enkelte vatn er det så stor sjølvrekruttering at dei er overbefolka, og det er tett av småfisk. På dei vatna med best næringstilgang, er det ikkje uvanleg å ta fisk på mellom 1 og 2 kilo. Men fisk i vektgruppa 0,3 - 0,7 kg er det vanlege.
Gode fiskevatn er frå aust: Vestenden av Gjende, Bessvatnet, Øvre Leirungen, vatna på Memurutunga, Grisletjerna (Lom fjellstyre har båt til leige), vatna i Raudalen, Langvatnet (Lom fjellstyre har hytte og båt til leige), Leirvatnet, vatna i Gravdalen, Preststeinvatnet.
Fisketips:
Tidleg på sommaren er vatna i Gjendeområdet og Bøverkinnhalsen beste fiskeområda. Dei ligg lågast og er tidlegast isfri. Dei høgareliggande vatna på 1300 - 1500 m.o.h.er gjerne ikkje isfri før langt ut i juli.
Fleire av vatna sør for Sognefjellsvegen, mellom Bøverkinnhalsen og Turtagrø,er svært lett tilgjengelege og gode fiskevatn. Eller kva med fisking langs elva i Leirdalen, eller vestover Gravdalen frå Leirvassbu? Her finst mange lett tilgjengelege og gode fiskeplassar!
For lenger turar: Ta båten til Memurubu eller Gjendebu og fisk i Gjende eller i vatna på Memurutunga. Både vatna i Svartdalen, Grisletjønnen på Gjendetunga og vatna innover Raudalen er gode fiskevatn.
Bukkehåmårtjønna og Leirungstjønnene på sør-aust enden av Gjende er fine mål for dei som likar å fiske eit stykkje utanfor "allfarveg".
Flugufiske: Leirungsåa der ho renn ut i Gjende, innløpsosen på Øvre Leirungen, eller utløpet av Leirvatnet.
Dette fiskekortet er eit samarbeid mellom Luster Austre fjellstyre, Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre og gjeld for delar av statsallmenningane Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje avgrensa av nasjonalparkgrensa for Jotunheimen nasjonalpark i aust og rv 55 i nord med unntak av Russvatnet. Kortet gjeld for fiske med ei stong eller eitt handsnøre.
Det er ei generell fredingstid i heile allmenninga f.o.m. den 20. sept. t.o.m. den 31. oktober. I denne perioden er all fiske forbode.
Fiskarane pliktar å gjere seg kjend med kva område dette kortet gjeld for, og dei offentlegrettslege reglane som gjeld for fiske.
Prisar:
1-døgn kr 75,-
3-døgn kr 150,-
Veke kr 250,-
Sesong kr 400,-







